Teppe

Heilt  alminneleg, heilt levande

Teppebilde tittei

Teppe er ei energisk og engasjerande førestilling som er rik på assosiasjonar. Gjennom lydar og rørsle blir Lisa sitt teppe levande. Barna hoiar og lagar lydeffektar, medan dei roper ut alle assosiasjonane som strøymer gjennom hovudet.

Framsyninga er utvikla i samarbeid med Ulvenvatnet Espira barnehage i Os. Teppe har vorte vist 24 gongar for nær 700 born i løpet av det siste året.

cropped-teppebilde-guttebein1.jpg

Det er sett ei maksgrense på 32 barn per framsyning, og dei pedagogisk tilsette blir med barnegruppa si. Under utforsking av teppene delar vi barna inn i fire grupper med 4-8 barn i kvar gruppe. Framsyninga varar i 17-25 minuttar, barnas utforsking av teppene tek alt frå 10 til 30 minuttar.

Framsyninga finn stad i barnehagen sine daglege opphalds- og leikerom. Det krevst minimum 4X4 meter golvplass.

Opplegget er berekna på aldersgruppa 3-6 år. Det finst også ein rolegare og enklare versjon for gruppa 0-3.

IMG_4130

Om Teppe i Os og Fusaposten