Os Open

Os Open er eit initiativ frå Os Bygg og Eigedom AS, som ønskjer å ta i bruk tomme lokale i sentrum av Os til ulike aktivitetar. Lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan melde si interesse og få låne eit av lokala dei disponerar.

Eg veit ikkje om det er Norsk eller Engelsk “open”, men det er i alle høve ope nok til at eg får vere med. Hurra!

2014-03-10 09.21.31

Studio Gateplan stig dermed opp av oska. Denne gangen til meir systematiske tider, og med varmare gulv. Eg har ein stad å vere og osingane får noko å undre seg over. Du finn meg i Glass & Rammer-rommet på Oshjørnet, nesten kvar måndag og torsdag frå ni til elleve.

IMG_1474

Biletet Os Open har på nettsidene sine er dette her, som er frå Stine Kolaas Nash si framifrå biletserie av framsyninga Exit kick off.