Halvtygd, men ikkje uappetittleg

Halvtygd gjekk av stabelen for første gang den 20. februar. På førehand hadde eg omtala arrangementet som ein kveld med akutt kultur, på sokkeleisten med stor takhøgd. Delvis hippie, delvis hipt.

studio_e39_1

Ideen er ikkje ny, men er importert heile vegen frå Bergen by. Der har BIT Teatergarasjen ein gong i månaden noko dei kallar Prøverommet, der ein høveleg vis prøver ut saker og ting. Også på Halvtygd kan ein dele noko ein held på med, vil teste ut, eller vise frem. Ein uvørden ungdommens kulturmønstring, berre for vaksne – amatørar, halvproffe og proffane – alt i ei smørje.

Opprinneleg var det meininga å halde arrangementet i Studio Gateplan i Brugata, men grunna brå utflytting derfrå, så måtte også arrangementet flyttast. Studio E39 på Haugland opna dørane for Halvtygd, før dei egentleg har opna døra for noko som helst. Studio E39 opnar etter planen til hausten, og her vil operaomnia halda til. Lyset på bileta er litt raudleg (tydelegare på bileta enn det var i røynda), og det skuldast at mellom anna er ikkje det tekniske heilt på plass enno.

Under her har de folka som bidrog med ulike prosjekt som såvidt var smakt på, halvtygde, drøvtygde eller ferdigtygde.

Karen Eide Bøen synte fram eit tekst og røyrsleprosjekt kalla “Voice-over”:

studio_e39_7

Vidar Bratlund-Mæland stilte ut eit bilete og ein skulptur av nokre skjønne mus.

Vicky Pridmore stilte ut fem bilete med hennar karakteristiske strek.

Heidi Tronsmo las eit komplekst utdrag frå “Søvnløse Mar i New York”:

studio_e39_5

Sjølve dansa eg ein liten solo eg kalla “Møte med veggen”.

Jan-Ove Hansen las frå diktsamlinga “Natten før snøen kom”, og nokre nye dikt. Han nytta også høvet til å teste ut dikta sine med gitar til:

studio_e39_2

Tarjei Lyssand las nokre korte, underfundige tekstar om hendingar på reise:

studio_e39_3

Eg trur vi kan oppsummere det heile på klassisk vis. Alle var einige om at det hadde vore ein fin kveld.

Takk til alle bidragsytarar! Og ein særskild takk til Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland som tjuvopna dørene til Studio E39!