RIP Studio Gateplan

Studio Gateplan

16.09.2013 – 17.02.2014

2014-02-17 20.47.59

Boblar er fine fine ting. Heilt til dei sprekk. I dag sprakk studiodraumen i Os sentrum.

Ein e-post på mogonkvisten. Eit puff. Ein del lett panikk, mykje vasking (tradisjonen tru. Det er jo vasking og støvsuging eg har drive mest med her, trass alt.) og nokre få tårer seinare.

Så var det

Ingenting.

Takk for gode stunder. For forundra forbipasserande. For kalde føtter og ein god del sveitte. Takk for draumar og von. Takk for inneklemte pusterom i travle dagar. Takk for born som stirar og vaksne som lest som dei ikkje ser. Takk for alle som har banka på. For dei som har stoppa opp.

Takk for lærdom.

Takk for minner.

Takk for alt.

2014-02-17 21.53.17